søndag 14. mars 2010

Kontroll i klasserommet




Ein av dei store utfordringane med bærbar pc i klasserommet er at lærarane føler at dei ikkje har kontroll med kva elevane nyttar Pc-en til. Det er ikkje alltid det passar å bruke PC-en i undervisninga, og då brukar ein selfølgelig andre metodar. Har erfart at det er eg som lærar som må sette grenser for når PC skal nyttast og til kva.

- Når eg startar ein skuletime får elevane alltid beskjed om korleis eg har planlagt denne timen. F.eks kan eg starte med ei forelesing der elevane skal følgje med på ”tavla”, for deretter å jobbe med oppgåver.

- Under forelesinga skal PC-en være lukket! (Heilt igjenn)

- Nokre elevar insisterer på at dei ynskjer å bruke PC til å ta notat. Viss ein elev har nytta PC-en til dette skal eg sjå dette notatet i etterkant av timen.

- Med ein gang "forelesinga" mi er over startar vi som regel med oppgåveløysing. Viss PC blir nytta til oppgåveløysing er det mange elevar som går rett inn på sosiale medier når dei startar opp PC-en. På førehand har eg gitt elevane eit generøst tilbud om at dei kan nytte Pc-en til f.eks. facebook viss dei forlater klasserommet. Foreløpig er det ingen som har nytta seg av tilbudet mitt sidan dei då får registrert fråvær:-)

- Mesteparten av mine undervisningstimar blir avslutta med at elevane løyser oppgåver. Dette arbeidet blir levert i ei innleveringsmappe på fronter når timen er over. Ingen av elevane får forlate klasserommet før dei har levert dagens/timens ”arbeid”.
'
-Elevane får som regel nokre ekstra dagars frist for å kunne rette opp og gjere ferdig arbeidet sitt. Både eg og eleven får her oversikt over kor effektivt han/ho arbeider. Dette syner også att i portefølgen til eleven. Og denne er eit bra utgangspunkt når du har elevsamtalar.

-Når elevane arbeider med oppgåver på PC-en forsøker eg å plasserer meg slik at eg får oversikt og kan sjå skjermane. (Som regel bakerst i klasserommet)
- Når eg har hatt innleveringar på fronter har eg som mål at eg har kommentert arbeidet før neste undervisningstime startar i dette faget.

Eg har henta mykje av inspirasjonen til dette blogginlegget frå lektor Aksnes. (Mandag 2.nov 2009)
http://lektoraksnes.blogspot.com/


4 kommentarer:

  1. Kontroll i klasserommet er viktig for at alle elevane skal få utbytte av timen. Elevane i vidaregåande er svært ulike, fleire slit med struktur. Desse elevane vi klart ha behov for at lærar har kontroll.

    SvarSlett
  2. Virkar som du har ein gjennomtenkt struktur. Etter kvart får du kontroll. Får du tid å sjekke alle notata?

    SvarSlett
  3. Får nok tid til å sjekke alle notata. Dette sidan elevane holder PC-en lukket når dei veit at eg skal sjekke notata i etterkant:-)

    SvarSlett
  4. Dette er ein fin måte å få inn produkt av alle elevane. Vanskleg å sluntre unna her:)Det blir iallefall fort oppdaga.

    SvarSlett