mandag 15. mars 2010

IKT i klasserommet (Visualisering)

Mange av elevane på Øyrane har lærevanskar. I tillegg har vi elevar som er skuletrøtte og lite motiverte. Det er ei stor utfordring å kunne legge opp undervisninga på elevane sine premissar. Viss eg som lærar bestemmer meg for kun å bruke ein undervisningsmetode kan dette virke monotont og lite inspirerande for elevane.
Eg prøver å tilrettelegge undervisninga på elevane sine premissar. Dette handlar om å møte dei på ei bane som gjev tryggleik og der ein kan bygge på ein kompetanse som allereie er der. Eg forsøker å få elevane aktive, og aktivitet stimulerer til læring. Brukar forøvrig PC-en mykje i timane mine. Digitale verktøy må fungere på ein slik måte at det skapar større læringsglede, motivasjon og variasjon.

Eit av faga eg underviser i på VG1 Teknikk og Industriell Produksjon er Tekniske Tjenester. Dette er i utgangspunktet eit teoretisk fag som gjerne kan vere litt "tørt". Her forsøker eg å visualisere undervisinga, og eg har funne mange gode illustrasjonar på nettet. Skal syne eit eksempel som omhandlar pneumatikk. Her har eg nytta meg av simuleringsprogrammet Fluidsim. Her kan ein først teikne opp og simulere kretsen før ein testar dette ut i praksis på koplingsbrettet.



For å kunne køyre eit pneumatisk anlegg treng du ein kompressor. Og å forklare korleis ein kompressor virkar blir mykje enklare når ein kan syne ein animasjon og dermed få dette visualisert.

1 kommentar:

  1. Slike animasjonar har ofte tekst / forklaringar på engelsk. Det kan vere eit utgangspunkt for yrkesretting.

    SvarSlett